Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 14.05.2019 kl 18:00
Norges Svømmeforbund er svært uroa over situasjonen for symjeopplæringa og symjing som barne- og ungdomsidrett i Volda etter at symjehallen vart stengt måndag.
Publisert: 13.05.2019 kl 12:36
Symjehallen må stengjast og er tilrådd riven. Det er konklusjonen i ein tilstandsrapport Statsbygg har fått. Hallen stengde måndag.
Publisert: 12.05.2019 kl 18:00
– Det er ikkje lett å stable seg på beina etter ein konkurs, men vi har fått god ordretilgang i 2019 og er komne dit at vi treng fleire tilsette, seier ein nøgd adm. dir. Jo Stian Tverberg.
Publisert: 11.05.2019 kl 18:00
Etter fem år med restaurantdrift på Bryne, skal Gina Liang og Kam Hang Chan opne asiatisk restaurant i Volda.
Publisert: 10.05.2019 kl 18:00
Amfi Ørsta eller Alti Ørsta, som er det nye namnet frå september 2019, har inngått ein tre års avtale med Ørsta Fotball.
Publisert: 07.05.2019 kl 18:00
Kalvatn Kroppspleie fyller to år. Og i den anledning blei det feiring laurdag den 4. mai. Salongen var pynta til bursdagsfeiring, og kundane som kom fekk goodiebags og gode tilbod denne dagen.
Publisert: 06.05.2019 kl 18:00
Volda og Ørsta ynskjer å utvikle og styrke kollektivtilbodet i området, og oppnå auka bruk av buss. No ber dei innbyggjarane om hjelp til å vite kvar ressursane skal setjast inn.
Publisert: 05.05.2019 kl 18:00
Volda kommune startar asfaltsesongen måndag. Tre vegar på Lauvstad er fyrst ut.
Publisert: 04.05.2019 kl 18:00
Volda kommune ønskjer å rekruttere og behalde fleire tilsette med sjukepleiarkompetanse. No prøvar kommunen ut ei bonusordning for å nå dette målet.
Publisert: 03.05.2019 kl 18:00 - Oppdatert: 06.05.2019 kl 08:40
Brænne si Luks-brus har vore etterspurt i lang tid. No har kundane blitt høyrde.
Publisert: 02.05.2019 kl 18:00
Fleire familiar i Nedrelida, Lidarende og Tømmerbakken har gått saman og skipa ein årleg ryddeaksjon 1. mai. I år fylte dei 30 søppelsekkar langs Fv. 45 og på Reset.
Publisert: 02.05.2019 kl 14:33
Vegen over Aldalen vert stengt dei neste dagane på grunn av snøvêret.
Publisert: 01.05.2019 kl 18:00
Fredag 3. mai slepp Rotlaus årets sommarlåt "Når vi to blir en".
Publisert: 30.04.2019 kl 18:00
Eigedomsinvestor Birger Løken og broren Einar har kjøpt Olden Fjordhotel. Hotellet opnar for sesongen 17. mai.
Publisert: 29.04.2019 kl 18:00
Frå 29. april må du legitimere deg om du leverer salsmelding på papir, og du kan ikkje lenger betale omregistreringsavgifta på trafikkstasjon.
Publisert: 28.04.2019 kl 18:00
Etter ein lang vinter med hardtrening er Volda-spelarane i ferd med å finne form og samspel. – Ingen er garanterte plass på laget, seier hovudtrenar Lars-Petter Rønnestad.
Publisert: 27.04.2019 kl 07:00
Årets Dokfilm-festival har trekt mange til kinosalen på Samfunnshuset. I dag er det barna som står i fokus, med folkefest og Barnedok.
Publisert: 26.04.2019 kl 14:55 - Oppdatert: 26.04.2019 kl 14:58
Bil i tunnelen har fått motorstopp. Tunnelen blir stengt ei kort stund, melder politiet på Twitter.
Publisert: 25.04.2019 kl 18:00
Voldaherrane opnar 2019-sesongen borte mot Emblem fredag.
Publisert: 24.04.2019 kl 18:00
Frå og med 1. mai får du ikkje lenger høyre Radio Sunnmøre sine sendingar via BygderadioVest. Då må du nytte DAB eller internettradio, og som plaster på såret får du ein kristen lokalradio døgnet rundt.
Publisert: 23.04.2019 kl 18:00
Med minimal snøskredfare og strålande sol frå blå himmel, vart denne påska noko av det beste som tenkjast kan. Iallfall til langfredag. Då kom lette skyer sigande, men temperaturen var det slett ikkje noko å seie på resten av påskehelga heller.
Publisert: 22.04.2019 kl 18:00
24. april trillar årets «Sykle til jobben»-aksjon i gang for 46. året på rad. Denne gongen med samferdsleminister Jon Georg Dale og klima- og miljøminister Ola Elvestuen i spissen.
Publisert: 21.04.2019 kl 18:00
Det vert starta opp med graving i inste del av Myravegen rett etter påske. Dette gjeld frå og med krysset ved Rotsetgeila, og sørover til parkeringa ved Leirshaugen.
Publisert: 20.04.2019 kl 18:00
I veke 17 kjem det til å bli feia gater på nattetid i Volda sentrum.
Publisert: 19.04.2019 kl 18:00
– Sjølv om ikkje Volda og Ørsta er såkalla pressområde for bokmål, merkar vi konkurransen med bokmål her også. Dette fordi bokmål dominerer sentralt, seier den ferske direktøren for Nynorsk Kultursentrum, Per Magnus Finnanger Sandsmark. 17. mai held han talen for dagen i Volda.