Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 07.12.2018 kl 10:00
Arne Lothe er tilsett som avdelingsbanksjef i SpareBank1 Søre Sunnmøre i Volda. Han tek til i stillinga 2. januar.
Publisert: 05.12.2018 kl 13:00 - Oppdatert: 05.12.2018 kl 13:19
Volda kommune får fleire klager på bilar som har parkert uløyves. No minner kommunen om at brøytesesongen står for døra.
Publisert: 04.12.2018 kl 11:19
Både FAU og elevrådet ved Volda ungdomsskule ynskjer ei utgreiing knytt til inneklimaet ved skulen.
Publisert: 03.12.2018 kl 11:30 - Oppdatert: 03.12.2018 kl 13:39
Også i år vart det lys i den store, vakre stjerna i Kalsethola, som står der og skin til glede for heile Volda!
Publisert: 02.12.2018 kl 18:00
Frå natt til måndag 3. desember blir det to ekstra kolonnar på natt gjennom Rotsethorntunnelen.
Publisert: 01.12.2018 kl 18:00
Volda kommunestyre vedtok torsdag å etablere felles legevaktdistrikt med Ørsta kommune utanom dagtid på kvardagar.
Publisert: 30.11.2018 kl 18:00
Kommunestyret i Volda vedtok torsdag samrøystes å opprette ein ny fastlegeheimel i kommunen.
Publisert: 29.11.2018 kl 18:00
Skal du sende julekort eller julepakkar i år, ja då må du hugse på to viktige ting. Send det i tide, og få på fullstendig adresse. Då vil mottakaren få det i god tid før juleklokkene ringjer jula inn.
Publisert: 28.11.2018 kl 18:00
Sjølv om Tenesteutval for oppvekst og kultur (TOK) ikkje fann grunn til å gå vidare med prosessen, vil Volda formannskap ha ei utgreiing av konsekvensar ved ei samlokalisering av Bratteberg og Vikebygda skular.
Publisert: 27.11.2018 kl 18:00
Julekrubbe i nålefilt, snømenn dekorerte i amerikansk stil, kransar, flatbrød og smaksprøver på laks og lefser var noko av det messa på Mork kunne freiste med laurdag. Julemusikken var det Morkakoret som sto for.
Publisert: 26.11.2018 kl 18:00
Behovet for gangveg i Åmdalen er stort. Det ligg to barneskular i dalen. Brautaset grendelag arrangerte fakkeltog for ny gangveg søndag.
Publisert: 26.11.2018 kl 07:00
Tysdag får formannskapet ei sak knytt til utvikling av ny legevaktorganisering på bordet.
Publisert: 24.11.2018 kl 18:00
Volda kommune vil prøve å selje modulbrakkene som har vore lagra ved Granheim.
Publisert: 23.11.2018 kl 18:00
Til helga arrangerer Volda TI Fotball Eat Move Sleep-cup for gutar og jenter i alderen 6–12 år. Det er 124 påmelde lag, og 245 kampar skal spelast. Målet er ikkje berre å lage ein fotballfest for små og store, men også slå eit slag for folkehelsa.
Publisert: 21.11.2018 kl 18:00
Ungdomsrådet har vedteke å støtte at ungdomsklubben skal inn i det nye kulturhuset. Det vart gjort etter fleire rundar med prøverøystingar, og det kom spørsmål i ettertid. – Representantane ønskte dette sjølve for å kunne vere heilt sikre i den endelege røystinga, seier leiar Elias...
Publisert: 16.11.2018 kl 18:00
Høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen orienterte tysdag formannskapet i Volda om høgskulen sine planar for betalingsparkering.
Publisert: 15.11.2018 kl 18:00
Formannskapet i Volda fekk tysdag ei orientering om nytt kino/kulturhus.
Publisert: 14.11.2018 kl 18:00
Volda kommune set ”kniven på strupen” til fylkeskommunen, og krev fylkeskommunal deltaking i Volda Campus Arena (VCA).
Publisert: 12.11.2018 kl 18:00
For mange upressa feil øydela då KFUM Volda gjekk frå 2–0-leiing til å tape for TIF Viking 2 i Voldahallen søndag.
Publisert: 10.11.2018 kl 18:00
Både Kragset Eigedomsmekling og Eiendomsmegler Vest har lenge ynskt å styrke si satsing i Nordfjord. No vert dette ein realitet.
Publisert: 09.11.2018 kl 18:00
Trivsel i sentrum oppmodar alle voldingar til å bake pepperkakehus- og bygningar, slik at Volda får ein flott landsby i adventstida.
Publisert: 06.11.2018 kl 18:00
No kan ein få kjøpt barne-, dame- og herreklokker ved Optikk Volda på Spinneriet.
Publisert: 05.11.2018 kl 18:00
Det var tidvis trongt å komme seg fram på Samhald på laurdag. Med matsal, heimelagde produkt, lopper og kunst, greidde Det Norske Misjonsselskap (NMS) å trekkje bygdefolket ut av heimane sine.
Publisert: 04.11.2018 kl 18:00
Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 er i statsråd 16. mars 2018 fastsett til måndag 9. september 2019.
Publisert: 03.11.2018 kl 18:00
Volda HK har eit toppnivå som matchar eliteserien, meiner trenaren. Mot Gneist søndag startar øvinga mot å halde nivået kampen gjennom.