Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 15.09.2017 kl 18:00
Kvart år under Sunnmøre kammermusikkfestival har unge musikarar under 20 år moglegheit til å konkurrere om eit talentstipend som Sparebank 1 Søre Sunnmøre deler ut. Stipendet er på 25.000 kroner, og årets vinnar vart Sander Elias Andersen (16) frå Volda.
Publisert: 14.09.2017 kl 12:16
– No skal vi bli endå meir fargerike, seier redaktør Tore Aarflot. – Dette gjer vi for å gi lesarane våre eit endå betre lesetilbod.
Publisert: 13.09.2017 kl 18:00
Marius Duestøl frå Vanylven er ein av friarane i årets utgåve av "Jakten på kjærligheten".
Publisert: 12.09.2017 kl 18:00
Janne Moe (26) frå Volda er både eigar av og butikksjef for Sunkost Volda. Laurdag 9. september deltok Moe på den årlege kjedesamlinga med Sunkost-butikkane i heile Noreg, og vann prisen «årets Sunkostar».
Publisert: 11.09.2017 kl 18:00
Trafikktal frå Avinor for august 2017 viser vekst for Hovden.
Publisert: 11.09.2017 kl 13:07
Laurdag var siste dagen våre lokale politikarar kunne freiste veljarane sine. Dei stilte mannsterke opp i sentrum, i god von om å få folk med på laget sitt, og med store lovnader om eit betre samfunn, berre du stemmer på oss!
Publisert: 10.09.2017 kl 18:00
I byrjinga av august flytta Marie Alnes, frå Alnes, inn i leilegheita over Volda Frelsesarmé sitt lokal. Alnes er utdanna ved offisersskule, og no framover skal ho vere med å drive frelsesarmeen i Volda.
Publisert: 09.09.2017 kl 18:00
Orkan- og evakueringsvarsel gjorde at Torkil S. Aarflot valde å stikke av frå den rasande Irma, som var venta å slå til mot skulen han studerer ved i USA. Tidlegare i veka herja Irma i Karibia, søndag eller måndag er det venta at «den rasande dama» skal slå til mot staten North Carolina.
Publisert: 08.09.2017 kl 18:00
I mai starta restaureringa av Volda samfunnshus, og Volda filmteater vart midlertidig stengt. No nærmar det seg endeleg opning av dørene igjen, og normal drift av kinoen.
Publisert: 08.09.2017 kl 14:09
Valdagen 11. september er like rundt hjørnet, men du kan førehandsrøyste heilt fram til fredag ettermiddag.
Publisert: 08.09.2017 kl 11:09
Under ein pressekonferanse onsdag stadfesta statssekretær Øystein Bø i Forsvarsdepartementet at regjeringa vil vidareføre Heimevern-strukturen slik den er i dag.
Publisert: 07.09.2017 kl 11:00 - Oppdatert: 08.09.2017 kl 11:47
I 2014 vart 154.000 tonn ureina tegl og betong deponert i Noreg. Ein stadig større del av dette avfallet kjem frå riving av bygg sett opp med isolerte betongelement. Vartdal Plast har saman med KCC Power System og Block Berge Bygg utvikla eit nytt patentert system for å reingjere isolerte...
Publisert: 06.09.2017 kl 18:00
I byrjinga av mai vart sanitetshuset i Volda selt, no har Volda sanitetslag flytta inn i nytt lokale, nemleg i Halkjelsgata 16.
Publisert: 06.09.2017 kl 13:48
Tysdag 5. september var det moglegheit for å førehandsrøyste på Folkestadtun. Både bebuarar på Folkestadtun og tilreisande nytta sjansen til å førehandsrøyste og bruke røysteretten sin.
Publisert: 04.09.2017 kl 18:00
Nyleg skreiv vi om at utdelinga av iPad til elevane i 1.–4. klasse i Volda kommune var i full gang, førre veke fekk både elevar og lærarar opplæring i korleis ein skulle bruke iPadane.
Publisert: 03.09.2017 kl 18:00
Olav August Tønnessen (11) frå Volda vann ei barnesjakkturnering i Kristiansund 26. august, med ein poengfangst på 16 av totalt 18 moglege poeng.
Publisert: 02.09.2017 kl 18:00
I løpet av sommaren har BKK Enotek endeleg fått etablert seg i nye lokale i Furene. No er dei i full gang med å utvikle seg vidare på Sunnmøre og skaffe fleire kundar.
Publisert: 02.09.2017 kl 13:00
Volda og Ørsta Ballettskule er vinnar av Kulturprisen 2017 i Volda kommune. – Prisvinnaren er ein solid og viktig kulturinstitusjon i Volda og Ørsta, seier juryen om Ballettskulen.
Publisert: 01.09.2017 kl 18:00
Søndag 3. september er det klart for draumekonsert og første dag av Sunnmøre kammermusikkfestival. Dette er andre året på rad at det er draumekonsert i Volda.
Publisert: 31.08.2017 kl 18:00
Ridehallen i Ørsta er riven og på utstillingsplassen skal det byggjast fleirbrukshall. I påvente på svar frå kommunen gjekk årets hesteutstilling føre seg på garden til familien Bornstein.
Publisert: 30.08.2017 kl 18:00
Avento og Racer har inngått avtale om å fusjonere sine verksemder. Det nye selskapet vil ha 49 tilsette fordelt på kontor i Ålesund, Oslo og Ørsta.
Publisert: 29.08.2017 kl 18:00
I fjor hadde Berkneset triatlon sju deltakarar, i år 25. Tor Inge Remme var raskast, og alle som var med vil kome att neste år.
Publisert: 28.08.2017 kl 18:00
Bjørke grendalag vil arrangere folkemøte om grensejustering onsdag 27. september, på forsamlingshuset Haukly på Bjørke. Dei ber om at rådmenn og ordførarar set av datoen.
Publisert: 27.08.2017 kl 18:00
Medan sunnfjordingane har slite med å få avlingane i hus, har det stort sett gått greitt for bøndene på Sunnmøre.
Publisert: 26.08.2017 kl 18:00
Den Ørsta-baserte entreprenøren Aurstad AS er i verdstoppen i kjøp av Volvo FH16 750.