Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 19.09.2024 kl 05:05 - Oppdatert: 19.09.2024 kl 06:18
- Miljøengasjementet i Retura Søre Sunnmøre er framleis sterkt, og vi vil vere leiande på dette i vår region. Difor er vi glade for at vi no er re-sertifisert for ISO 14001 (miljø) og ISO 9001 (kvalitet) for tredje gong.
Publisert: 18.09.2024 kl 16:17
Ekornes i Hornindal nedbemannar med fem årsverk. I tillegg vil sju tilsette verte permitterte.
Publisert: 18.09.2024 kl 12:57
Volda formannskap vedtok tysdag å slett krav til økonomisk garanti for ferdigstilling av asfalteringa hos Steinsvik Olivine AS. Men verksemda må framleis ferdigstille asfalteringa.
Publisert: 18.09.2024 kl 12:56
Kommunane er pålagde å følgje opp tilsyn med spreidde avløp gjennom vassforskrifta. Men per i dag vert dette ikkje prioritert. Det vert det no ei endring på.
Publisert: 16.09.2024 kl 10:11
Møre og Romsdal fylkeskommune har kontakta Volda kommune med spørsmål om å leggje til rette for nattparkering og lading av bussar i Hornindal. Det er kommunen positiv til.
Publisert: 13.09.2024 kl 08:35
Hausten har gjort sitt inntog, og vinteren er på veg.
Publisert: 12.09.2024 kl 16:25
Ørsta kommune må betale nær 82.000 kroner til ein innbyggjar etter ærekrenkjande påstandar.
Publisert: 12.09.2024 kl 08:53
Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda handlar i år om helsa di. Du kan mellom anna ta med barna på rørsleleik og lære om korleis trening hjelper både hjernen og kroppen.
Publisert: 11.09.2024 kl 11:30 - Oppdatert: 11.09.2024 kl 11:40
Som følgje av stengt E6 i Ringebu er det planlagt at linje VY146 og linje VY148 vil køyre med omkøyring mellom Lillehammer og Vinstra i den perioden vegen er stengt. Forseinkingar kan førekome som følgje av omkøyringa.
Publisert: 10.09.2024 kl 10:42
Nominasjonskomiteen i Møre og Romsdal FrP er no ferdig med sin jobb, og har i dag gitt frå seg si endelege innstilling til stortingsvalet 2025.
Publisert: 10.09.2024 kl 09:59
– No har vi hatt full fres i vel fire veker etter ferien, dette viser godt att på byggjeplassen, fortel prosjektleiar Steinar Kilen i ei statusoppdatering for Volda samfunnshus-prosjektet.
Publisert: 09.09.2024 kl 05:05
1. september 2014 vart felles landbrukskontor for Volda og Ørsta etablert, med Ørsta kommune som vertskommune og kontorplass på Ørsta rådhus. Første januar 2025 er det i tillegg fem år sidan Hornindal kom med.
Publisert: 06.09.2024 kl 13:35 - Oppdatert: 06.09.2024 kl 14:35
Det vart full klaff for søstrene Frid, Sofi og Ada, då dei var i Geiranger under prinsessebryllaupet. Prinsesse Sarah, som er prinsesse av Mende, helsa på dei. På berre tre dagar har videoen av møtet med jentene vorte sett over 2 millionar gonger.
Publisert: 06.09.2024 kl 12:05
Fleire medlemmar i Volda formannskap var tysdag tydeleg ikkje heilt nøgde med eit vedtak som var gjort 19. august i tenesteutval for forvaltning og utvikling (TFU). Dette reiste ein prinsippdebatt.
Publisert: 05.09.2024 kl 17:05
Tysdag skulle Volda formannskap ta stilling til om utbyggjar av Storgata 7 og 9 i Volda sentrum skulle få endre godkjent detaljregulering til eit planlagt nybygg. Dette var det stemning for.
Publisert: 04.09.2024 kl 14:21
Ein ørsting i slutten av 40-åra er no dømt til fengsel i 30 dagar, samt til å betale 96.506 kroner i skadeerstatning til sitt forsikringsselskap etter forsøk på forsikringsbedrageri.
Publisert: 04.09.2024 kl 10:02
Kåre Hjelle og Solveig Storeide orienterte tysdag Volda formannskap om framdrifta i Voldabadet. Om alt går etter planen så opnar symjeanlegget i første halvdel av januar neste år.
Publisert: 04.09.2024 kl 08:28
Heile 26 personar, frå store delar av landet, har søkt på den ledige 100%-stillinga som fysioterapeut i Volda kommune. Det er åtte menn og 18 kvinner som har søkt på stillinga.
Publisert: 04.09.2024 kl 05:05
Som platesamlar og nynorskentusiast var valet lett då Fonna forlag spurte Arild Torvund Olsen om han hadde ein idé til ei ny bok. – Det er viktig at denne delen av nynorsk kulturhistorie vert teke vare på, slår han fast.
Publisert: 03.09.2024 kl 13:35 - Oppdatert: 03.09.2024 kl 15:35
Ei undergruppe av Trivsel i Sentrum har no sett seg føre å gi kulturen i Volda eit løft det vil gå gjetord om langt ut om kommunen sine grenser.
Publisert: 02.09.2024 kl 12:47
Kammermusikkfestivalen er i gang, og dei to første konsertane er allereie gjennomførte. Men-høgdepunkta står framleis i kø dei neste dagane.
Publisert: 02.09.2024 kl 09:53
Torsdag diskuterte Volda kommunestyre reglementet til Volda ungdomsråd. Rådet vert no krympa frå 13 til 11 representantar, som følgje av vanskar med rekruttering.
Publisert: 31.08.2024 kl 07:30
Vi omgjev oss av teknologi og digitale løysingar på nær alle frontar av dagens samfunn. Løysingar som på mange plan er kjærkomne og naudsynte i møte med utfordringar av ulike slag. Medaljen har likevel, som ofte elles, ei bakside.
Publisert: 30.08.2024 kl 12:00
Systrene Frid (12), Sofi (10) og Ada (6) Aarflot Nupen frå Volda, håper å få møte på Märtha Louise og resten av den norske kongefamilien når dei skal på tur til Geiranger i helga. – Dette har vi gledd oss til lenge, seier dei.
Publisert: 30.08.2024 kl 10:40 - Oppdatert: 30.08.2024 kl 10:41
Volda kommunestyre er uroa for framtida til meieriet i Ørsta, og stilte seg torsdag bak uttalen frå Ørsta formannskap til Tine SA, dagsett 27.08.24.