Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 09.06.2024 kl 18:00
Studentsamskipnaden i Volda hadde ei hytte på Folkestad, men den vart riven i 2017. No ynskjer SiVolda å føre opp ei ny hytte ved Folkestadvatnet.
I eit ope brev til vegeigarar i Møre og Romsdal argumenterer FNF Møre og Romsdal for å avgrense kantslåtten i fylket til ein slått i året.
Publisert: 09.06.2024 kl 12:00
Kilsfjord sokneråd har vendt seg til Volda kommune med ei bøn om hjelp for å bli kvitt svartelista plantevekst.
Kari-Janne Ljones Kulø er tilsett som avdelingsleiar barn og familie i Volda.
Publisert: 09.06.2024 kl 05:00
Er du på Søre Sunnmøre 25.–30. juni? Då kan du vere frivillig på samtidsmusikkfestivalen tonehimmel, som går føre seg i kommunane Volda, Ørsta og Herøy.
Røyslid/Heltne grendalag har ikkje vore aktivt på mange år. Det vil Harald Kvangarsnes gjere noko med.
Publisert: 08.06.2024 kl 18:00
To grunneigarar ynskjer innløysing av sine eigedommar i samband med utbygging av E39 Voldatunnelen. Statens vegvesen ber om at det vert utført taksering i første omgang.
Den gamle ballbingen frå Velle skule i Ørsta hamnar i Volda, det sørgja Volda sentrum grendalag for måndag kveld.
Publisert: 08.06.2024 kl 12:00
Volda Ørsta Sjakklags Ungdom har arrangert sjakkturnering for barn og unge med god deltaking.
Høgskulen i Volda er mellom 19 utdannings- og forskingsinstitusjonar i Noreg som har fått midlar til likestillingsprosjekt. I Volda er målsetjinga at fleire kvinnelege tilsette skal oppnå opprykk til første- og toppkompetanse.
Publisert: 07.06.2024 kl 18:00
1. April innførte Widerøe ein ny avgang med direktefly frå Florø til Trondheim. Trass i eit stort ønske om å få ein avgang frå Volda/Ørsta til Trondheim så har ikkje flyselskapet nokon planar om å la denne ruta mellomlande på Hovden.
Publisert: 07.06.2024 kl 14:38
- Ein eventuell streik vil tre i kraft frå klokka 06.00 laurdag 8. juni, melder Statens vegvesen.
Publisert: 06.06.2024 kl 18:00
– Vi er veldig stolte av å ha fått det til, sa ein glad Møyfrid Fuglseth under overrekkinga torsdag morgon. Ho er dagleg leiar i J.E. Sandal, som no kan smykke seg med eit miljøfyrtårndiplom.
Publisert: 06.06.2024 kl 12:00
Styret for sameiget Askevegen 1-7 vil sikre skråning, og har bede kommunen om eit bidrag. Svaret er negativt.
Publisert: 06.06.2024 kl 05:00
Mork grendalag er bekymra for at området kring Åseneset og Morkavika kan verte øydelagt av næring og industri.
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap / DSB rår til at så mange som mogleg er førebudde på å klare seg sjølve i éi veke under kriser.
Volda kommune melde nyleg tilbake til Helse Møre og Romsdal at kommunen kan vere interessert i å kjøpe Rydet 16, no som helseføretaket har bestemt seg for å avhende eigedommen.
Publisert: 05.06.2024 kl 18:00
Grunna tunnelarbeid blir det kolonnekøyring og stenging på Strynefjellet natt til laurdag og søndag.
– Vi gler oss til å ønskje gjestar i alle aldrar velkomne til myldrande liv i tunet og mange flotte arrangement. Er du nysgjerrig på kva Aasentunet har å by på? Då er Festspela tida å besøke oss på.
Publisert: 05.06.2024 kl 17:00
Stortinget ber regjeringa framskunde rv. 15 Strynefjellet, inkludert arm til Geiranger, i NTP 2025-2036 og sikre oppstart i første periode. Dette framlegget vert støtta av Frp, Høgre, Krf, Venstre, SV og Rødt.
Publisert: 05.06.2024 kl 16:04
Kommunestyret i Volda vedtok 28. april 2022 å byggje nytt symjeanlegg i Volda. Det vart ikkje vedteke namn på anlegget. Symjeanlegget vert ferdigstilt vinteren 2024, og kommunedirektøren legg no fram sak om namnsetjing av anlegget.
Publisert: 05.06.2024 kl 14:19
Per Ivar Lied frå Ørsta er blant Møre og Romsdal Senterparti sine toppkandidatar til stortingsvalet i 2025.
Publisert: 05.06.2024 kl 12:00
Mowi-konsernet markerer 60 år i 2024, og feira med open dag hos Mowi Steinsvik og Mowi Dalsfjord i helga.
Publisert: 05.06.2024 kl 10:40
– Kvifor har det vore stille frå Rotlaus ei stund? Det spørsmålet har bandet fått stilt i ein podkast frå DRIVE. Og dei meiner å ha funne svaret.
Publisert: 05.06.2024 kl 05:00
Ein mann i 40-åra er dømt til samfunnsstraff og bot etter fleire tilfelle av ruskøyring, fartsovertredingar, køyring utan førarkort og skadeverk, med meir.