Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 23.05.2025 kl 11:21
Volda kommune har lyst ut eit 100 prosent vikariat som fysioterapeut, og søkjarlista er lang.
Publisert: 21.05.2025 kl 21:10 - Oppdatert: 22.05.2025 kl 00:07
Onsdag i 17.30-tida angreip to hundar ein heil saueflokk på Driveklepp i Volda. Eigaren av saueflokken skulle sjå etter dyra og oppdaga eitt daudt og blodig lam ligge på toppen av ein bakkekam. Då han og svigerfaren hans gjekk fram på bakkekammen vart dei møtt av eit skrekkeleg syn.
Publisert: 21.05.2025 kl 16:00
Åtte grunneigarar/fallrettshavarar i Eidsetelva kraftverk tok nyleg Småkraft AS til retten for å få svar på om avtalen dei inngjekk i 2004 var urimeleg, slik at dei kunne krevje avtalen revidert etter avtalelova.
Publisert: 21.05.2025 kl 12:00
Denne veka har Øyra skule uteskuleveke, og tysdag var 7A på Årneset for å lære om friluftsliv og livredning. Elevane fekk mellom anna padle kajakk, utføre hjarte/lungeredning og livredning i kaldt vatn.
Publisert: 21.05.2025 kl 05:00
Retura Søre Sunnmøre (RSS) har på nytt signert avtale med Norsirk om mottak av landbruksplast og innernett, og har no opna for fri levering i samsvar med ordninga med Felleskjøpet og Norsirk.
Publisert: 20.05.2025 kl 15:13
Tysdag føremiddag gjekk ein laus hund til angrep på ein saueflokk på Driveklepp i Vikebygda. Fleire søyer og lam fekk bittskader.
Publisert: 18.05.2025 kl 17:00
Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til informasjonsmøte om reguleringsplanarbeidet for Fv. 60, i Honndalshallen på Grodås tysdag 20. mai. Det blir også open kontordag på Smia onsdag 21. mai.
Publisert: 17.05.2025 kl 07:00
Møre ynskjer alle sine lesarar ei riktig god 17. mai-feiring.
Publisert: 16.05.2025 kl 17:05
Tre representantar frå KrF stilte eit grunngjeve spørsmål til ordføraren knytt til flagging 8. mai i kommunestyret torsdag.
Publisert: 16.05.2025 kl 16:27
Busengdal AS går inn på eigarsida i Volda Maskin AS.
Publisert: 16.05.2025 kl 11:07
Volda kommune oppmodar flest mogleg til å la bilen stå når ein skal til barnetoget i morgon, 17. mai.
Publisert: 15.05.2025 kl 17:00
Arbeidsmiljøutvalet i Volda kommune godkjende nyleg planane for bygging av nytt trykkreduksjonshus i Uravegen. Dette er eit viktig første steg i eit større utbetringsprosjekt.
Publisert: 15.05.2025 kl 12:05
Det har kome spørsmål frå ein arbeidsplass i Volda kommune om ein kan gjennomføre vinlotteri. Arbeidsmiljøutvalet i kommunen seier ja til lotteri, men nei til vin.
Publisert: 14.05.2025 kl 11:49
Volda/Ørsta-bandet Broad Line har, 45 år etter oppstarten, gitt ut sin første «heimelaga» låt.
Publisert: 14.05.2025 kl 10:01
Møre og Romsdal Senterparti får besøk av Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum måndag 19. mai.
Publisert: 14.05.2025 kl 07:00
Sivilforsvaret vil under øving 14. mai nytte området ved Mylnefallet og Elvadalen mot Volda sentrum som feltøvingsområde.
Publisert: 13.05.2025 kl 20:00
Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) har sendt ein interpellasjon til Volda kommunestyre, der dei ber kommunen ta grep for å få lokal natur inkludert i ein nasjonalpark.
Publisert: 11.05.2025 kl 10:00
KrF si kommunestyregruppe har sendt eit grunngjeve spørsmål til Volda-ordføraren knytt til manglande flagging i Volda sentrum på 8. mai.
Publisert: 09.05.2025 kl 17:05
Vikebygda grendalag inviterte til beredskapskveld på Høgtun 7. mai. Mykje folk møtte fram.
Publisert: 09.05.2025 kl 11:55
Fleire voldingar og ørstingar fann vegen til den felles markeringa av veterandagen/80 år sidan 2. verdskrig var slutt i Ulsteinvik torsdag.
Publisert: 08.05.2025 kl 09:00
Sunnmøre regionråd meiner at Helse Møre og Romsdal HF er underfinansiert i høve til St. Olavs hospital.
Publisert: 07.05.2025 kl 15:46
I løpet av onsdagen har det ramla ned ein svær stein på gamlevegen mellom Andaneset og Grevsneset.
Publisert: 07.05.2025 kl 10:15 - Oppdatert: 07.05.2025 kl 12:40
Statens vegvesen har, etter eit møte med Volda kommune, gjort oppdaterte berekningar av bompengepotensialet for Voldatunnelen.
Publisert: 07.05.2025 kl 09:46
Produksjonsselskapet Oclin har fått innvilga 400.000 kroner i produksjonstilskot frå Vestnorsk filmsenter til dokumentarserien Metizport – Vest vs. Verden.
Publisert: 06.05.2025 kl 16:24
I Hornindal deltok 31 lag frå Indre Nordfjord på årets Tinestafett. Det var mange gode løp, meistring og fullt fokus i godt vêr på Hornindal Idrettspark.