Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 26.01.2023 kl 11:00
Furene har utvikla seg til å bli eit flott handelsområde med ei svært god plassering ute ved E39, og med eit stort dekningsområde. Vi ser stort potensial for eit nytt varehus i Furene, seier Johnny Albøge, Country Manager Norway for Jula.
Publisert: 25.01.2023 kl 12:00
Det svarer Volda kommune etter å ha vorte kontakta av ein forelder som meiner det er for få tilsette i dei kommunale barnehagane.
Publisert: 23.01.2023 kl 13:25 - Oppdatert: 23.01.2023 kl 18:02
Volda brann og redning donerer no den gamle brannbilen i Hornindal til Ukraina, saman med anna viktig utstyr.
Publisert: 22.01.2023 kl 07:00
Møre Konfeksjonsfabrikk ynskjer å utvikle eit område nedst i Elvadalen. Naturvernforbundet meiner at areala heller bør regulerast til naturområde.
Publisert: 21.01.2023 kl 20:00
Næringskonferansen i Ørsta blir i år arrangert for tiande gong, og har fått på plass eit program som arrangørane er svært stolte av.
Publisert: 21.01.2023 kl 13:00
Volda kommune skal betale Ørsta kommune eit eingongsbeløp på 8,8 millionar kroner for åra 2020–22 innan 1. april.
Publisert: 20.01.2023 kl 16:00
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har no sendt ut ei presisering knytt til finansiering av skuleturar: Det er ikkje lov å krevje eigenbetaling frå deltakarane.
Publisert: 20.01.2023 kl 14:00
Møre Konfeksjonsfabrikk AS sende nyleg inn framlegg til korleis eigedommen deira i Elvadalen kan utnyttast. No ynskjer dei å forhandle med Volda kommune om overtaking av tilgrensande tomt.
Publisert: 20.01.2023 kl 13:00
Volda-politikarane er imponerte over dei kommunale tenestene si evne til å busetje store mengder flyktningar på kort tid, og vonar det vil la seg gjere å ta imot nesten like mange flyktningar i 2023.
Publisert: 20.01.2023 kl 11:00
Volda kommune får 33 GWt konsesjonskraft årleg, og har eit forbruk på kring 11 GWt på eigne anlegg. No vurderer kommunen å inngå avtale med ein kraftforvaltar.
Publisert: 19.01.2023 kl 20:00 - Oppdatert: 19.01.2023 kl 21:39
I samband med planlagt utbygging av nytt bustadfelt (B58), er det behov for å fastsette nye offisielle namn på vegar som skal byggjast i området.
Publisert: 19.01.2023 kl 13:00
Senterleiar Jon Heltne fortel at det har blitt starta ein prosess for å finne ein ny kafedrivar på Spinneriet.
Publisert: 19.01.2023 kl 11:00
Det vert framleis arbeidd med eit eventuelt makebyte mellom Coop Nordvest og Volda kommune knytt til Coop Obs Bygg og Myrtun.
Publisert: 18.01.2023 kl 10:54
Volda handballklubb sin hovudtrenar Halldór Stefán Haraldsson har gjeve klubben melding om at han sluttar som trenar når sesongen er over.
Publisert: 18.01.2023 kl 07:00
Norsk Tipping betalar i desse dagar ut Grasrotandel til lag og foreiningar over heile landet. Dette er kjærkomne midlar for mottakarane.
Publisert: 16.01.2023 kl 16:00
Volda Sogelag veit no kvar dei «forsvunne» sledane frå Moritzløda tok vegen, og ser på saka som avslutta frå deira side.
Publisert: 16.01.2023 kl 11:00
I samband med førehandskonferanse for oppføring av nytt bygg i Storgata 7 og 9 kom det fram at det var nødvendig å gjere nokre endringar på bygget. Dette er no gjort.
Publisert: 14.01.2023 kl 11:00
Volda Sogelag har avtale med Volda kommune om å få hente ut gjenstandar frå Moritzgarden i Volda sentrum. Men førre veke kom nokon dei i forkjøpet.
Publisert: 13.01.2023 kl 19:00
Volda Næringsforum har fleire innspel til planprogram Områdereguleringsplan for indre sentrumssone. Dei etterlyser mellom anna strategiar for «ytre bydel».
Publisert: 13.01.2023 kl 14:00
Ei kvinne på Sunnmøre må betale attende 2.843.241,44 kroner til ein eldre mann som ho har hjelpt med husvask og betaling av rekningar i nettbanken. Kvinna må i tillegg betale 18.750 kroner av mannen sine sakskostnader.
Publisert: 13.01.2023 kl 13:00
Volda sentrum grendalag vil i arbeidet med sentrumsplanen i hovudsak ynskje opne møteplassar for allmenta på gateplan, samt at kommunen prioriterer trivsel og tryggleik i sentrum.
Publisert: 11.01.2023 kl 18:00
Styret for Elvegata 7 og 9 ynskjer å utvikle eigedommen sin vidare, og har no sendt eit innspel til områderegulering for Volda sentrum.
Publisert: 10.01.2023 kl 09:33 - Oppdatert: 10.01.2023 kl 13:45
Møre Konfeksjonsfabrikk AS eig ei tomt i Elvadalen, nær sin tidlegare fabrikk. Her håper dei å leggje til rette for bustader, forretning og kontor i framtida.
Publisert: 10.01.2023 kl 09:31
Brunvoll Volda AS er overraska over at deira areal er tatt med som del av planområdet for indre sentrumssone i Volda, og er imot at deira industrilokale i framtida skal erstattast med anna bygningsmasse.
Publisert: 10.01.2023 kl 07:00
Mattilsynet har tidlegare vurdert at leveringssikkerheit og hygienisk barrierehøgde ved Volda kommunale vassverk ikkje er tilstrekkeleg. No får kommunen utsett frist for å få dette på plass.