Klargjør siden...

India testa romferjemodell

(NPK-NTB-DPA): Indias romfartsorganisasjon gjennomførte måndag ein vellykka test av ein romferjemodell.

Testen er ein del av ein plan for å utvikle eit romferjeprogram for det asiatiske landet. Ein rakett med det som blir omtalt som ein demomodell, vart sendt opp frå ein base i Sør-India måndag morgon. 70 kilometer over bakken vart romferjemodellen kopla fri frå bereraketten, før han snudde og gjorde ei kontrollert landing til havs i Bengalbukta – ein såkalla splashdown.

– Gjennomføringa av oppdraget var vellykka, seier talsmann DP Karnik i romfartsorganisasjonen.

Testmodellen har ein diameter på ein meter, ein brøkdel av fullskaladesignen.

Den indiske romfartseksperten Ajay Lele påpeiker at USA er det einaste landet som per i dag sit på fungerande romferjeteknologi, men dette programmet vart avvikla i 2011. Russland og Kina brukar romkapslar for å sende astronautar til verdsrommet.

India har brukt 14 millionar dollar og fem år på å utvikle den første flygande modellen til sitt romferjeprogram. (©NPK)

Annonse