Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Fagforbundet Industri Energi vil gå gjennom opptil 140 oppseiingar etter ein dom frå Arbeidsretten som fastslår at ansiennitet gjeld for heile selskapet, ikkje for den enkelte arbeidsplass.
npk@npk.no
Publisert: 23.06.2016 kl 08:04
– Advokatane må no gjennomgå kvar enkelt sak og sjå om kretsane for utveljing er for snevre, seier advokat og leiar for juridisk avdeling i Industri Energi Eyvind Mossige til Stavanger Aftenblad.
Dommen frå Arbeidsretten slår fast at tre sikkerheitsvakter som jobba for Nokas ved helikopterterminalen på Sola, vart ugyldig oppsagt basert på ansiennitet. Oppseiinga av dei tre er no trekt etter at Arbeidsretten slo fast at dei burde ha vore vurdert ut ifrå ansienniteten for heile Sør-Rogaland, ikkje berre Sola.
– Frå riggmarknaden er det for eksempel vel kjent at bedrifter ser éin rigg som éi eining og gjer eventuelle nedbemanningar basert på dette. Dommen frå Arbeidsretten slår fast at det må vere selskapet som heilskap som skal telje i utgangspunktet, seier Mossige.
– Det er ikkje uvanleg at arbeidstakarsida legg stor vekt på ansiennitet, mens arbeidsgjrvarane ofte legg fleire forhold til grunn, svarsr direktør for arbeidsrettsavdelings i Næringslivets Hovedorganisasjon Nina Melsom. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.