Annonse

Industrien ser mørkt på situasjonen

(NPK-NTB): Norske industrileiarar ventar ei negativ utvikling i første kvartal.

Den samla industriproduksjonen gjekk ned i fjerde kvartal i fjor, viser konjunkturbarometeret frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Utsiktene for første kvartal 2016 er klart negative. Bedriftsleiarane melder om at vedtatte investeringsplanar blir nedjusterte. Samtidig er det venta at både ordrelageret og tilgangen på nye ordrar går ned, og sysselsettinga er venta å gå ned, ifølgje SSB-undersøkinga.

Det er leiarar innanfor maskinindustri, bygging av skip og plattformer og maskinreparasjon og -installasjon som ser minst lyst på situasjonen. (©NPK)