Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Eit Molde-lag utan David Fofana fekk ikkje hol på byllen og spelte 0–0 heime mot belgiske Gent i den første gruppekampen i Europaligaen torsdag kveld.
sjur.natvig@ntb.no/kjell.asmund.sunde@npk.no
Publisert: 09.09.2022 kl 07:28
Begge lag hadde kvar si moglegheit til å ta leiinga før pause, men verken Emil Breivik eller Hugo Cuypers klarte å finne vegen til nettmaskene dei første 45 minutta i Molde.
Etter sidebytet tok Molde etter kvart over mesteparten av initiativet i kampen, men dei blåkledde makta ikkje å overliste sisteskansen til gjestene Paul Nardi.
Playmaker Magnus Wolff Eikrem kom inn frå benken og prøvde seg med eit langskot halvvegs ut i 2. omgang, men Paul Nardi i Gent-bura låg kattemjukt nede i hjørnet. Få minutt seinare var Eikrem igjen farleg frampå, men moldensaren bles ballen over mål frå kloss hald.
Heller ikkje på det tredje forsøket fekk midtbanespelaren nok kraft i avslutninga frå distanse, og Gent klarte til slutt å hale i land eitt poeng på bortebane. Dermed enda også Moldes sigersrekkje på fire strake sigrar.
Erling Moes mannskap smadra eliteserietoar Bodø/Glimt 4–1 førre helg, men frå start torsdag mangla både Magnus Wolff Eikrem og David Fofana. Sistnemnde var heller ikkje å finne på innbytarbenken. Ifølgje Romsdals Budstikke slit 19-åringen med sjukdom.
For Gent fekk både Jens Petter Hauge og Andreas Hanche-Olsen tillit frå start. Sistnemnde pådrog seg eit gult kort i den første omgangen.
(©NPK)
Verken Molde eller Gent fann vegen til nettmaskene i europaligaen torsdag kveld. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB