Klargjør siden...
Annonse

Infantino: – VM i 2022 skal spelast i Qatar

(NPK-NTB-AFP): Fifa-president Gianni Infantino er krystallklar på at det ikkje er aktuelt å ta frå Qatar retten til å arrangere fotball-VM i 2022.

Det gjorde den nyvalde presidenten i Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) klart då han besøkte Doha fredag.

Qatar har lenge blitt skarpt kritisert for omsynslaus behandling av utanlandske arbeidarar. Særleg «kafala»-systemet, som avgrensar rørslefridomen til arbeidarane og ofte blir kalla eit reint slaveriopplegg, er omstridt.

Fifa er frå fleire hald oppfordra til å ta frå landet arrangementet, men det blir ifølgje Infantino ikkje aktuelt.

– VM skal sjølvsagt spelast i Qatar, sa han fredag.

Samtidig opplyste Fifa-presidenten at det vil bli nedsett ein sjølvstendig Fifa-leidd komité som får som hovudansvar å overvake arbeidsforholda for framandarbeidarane i landet.

– Eg er sikker på at vi er på rett veg, sa Infantino med tilvising til kritikken som har komme mot Fifas handtering av forholda i Qatar. (©NPK)

Annonse