Annonse

Inga straffeforfølging av jeger som skaut bjørn i Pasvik

(NPK-NTB): Jegeren som skaut ei binne med tre ungar i Pasvik i september, blir ikkje straffeforfølgd. Han hadde grunn til å føle seg trua av bjørnen, meiner politiet.

Jegeren har forklart at han skaut i sjølvforsvar, og den forklaringa godtar politiet. Politiet har ut frå spreiinga av haglladninga konkludert med at bjørnen vart skoten på éin meters hald, skriv iFinnmark.

– Jegeren forklarte at bjørnen kom rett mot han. Det er mogleg det var eit skinnangrep, men det er uansett ikkje tvil om at jegeren hadde god grunn til å føle seg trua, seier politiførstebetjent Torstein Pettersen. (©NPK)