Annonse

Ingebrigtsen hastar vidare til neste gulljakt: – Hadde vore godt med ei veke heime

Jakob Ingebrigtsen (21) har ikkje tid til å nyte gullrusen etter VM-herjinga på 5000 meter. Han skal opp i høgda i Sveits og jobbe vidare.

Der skal han førebu seg til neste månads europameisterskap i Tyskland. Sandnes-løparen er tittelforsvarar på både 1500 og 5000 meter.

– I utgangspunktet er det første flyet rett til St. Moritz. Det hadde vore godt med ei veke heime, men det er ikkje mange vekene til München, sa Ingebrigtsen til norske medium etter maktdemonstrasjonen på Eugene-VMs siste dag.

Han parkerte konkurrentane og vart verdsmeister for første gong. Det ville gitt han ein god grunn til å feire, men pliktene kallar for ein disiplinert 21-åring.

– Det er fleire mål for sesongen, og eg skal leggje ned eit stykke arbeid for det òg. I fjor var det berre OL. No visste eg at EM kjem, så då er det å komme seg opp i høgda og trene.

Ingebrigtsen meiner han «absolutt kan bli betre».

– Eg kjenner meg betre no enn i fjor. Det er snakk om små marginar, og ein kan alltid hente ut litt og litt meir. Eg prøver alltid gjere det litt betre enn før, og det er ein mentalitet eg vil ha heile karrieren og i livet innan løping. Viss eg forbetrar meg frå år til år, får vi sjå kor fort det kan gå.

Friidretts-EM startar 15. august. Same kveld er det forsøksheat på 1500 meter, medan finalen blir avvikla tre dagar seinare. Tittelen på 5000 meter blir delt ut 16. august.

(©NPK)

Jakob Ingebrigtsen smiler breitt etter VM-gullet på 5000 meter i Eugene. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Annonse