Annonse

Ingebrigtsen med verdsårsbeste på 1500 meter – ikkje i nærleiken av verdsrekord

Jakob Ingebrigtsen tok ein overlegen siger på 1500 meter i innandørsstemnet i Lievin, men var ikkje i nærleiken av målet om å slå sin eigen verdsrekord.

Den norske stjerna sprang inn til 3.32,38, som er årsbeste i verda. Han var nesten tre sekund føre næraste konkurrent, franskmannen Azeddine Habz.

Ingebrigtsens verdsrekord på 3.30,60, sett i same stemne i fjor, var ikkje i fare.

Ferdinand Kvan Edman vart nummer 11 med 3.39,66.

Jakob Ingebrigtsen har slite med sjukdom i starten av året. Derfor er det tvilsamt om han kjem til å konkurrere i fleire stemne før innandørs-EM startar 2. mars.

– Eg ser fram mot EM no. Det var godt å få springe eit stemne. Eg er fornøgd med det eg gjorde i dag og klar for å kjempe om medaljar, sa 22-åringen i eit intervju med arrangøren.

Det vart likevel ein verdsrekord i stemnet. Lamecha Girma frå Etiopia, som har sølv på 3000 meter hinder frå både OL og VM, sprang inn til 7.23,81 på 3000 meter. Også spanske Mohamed Katir sprang under den gamle rekorden på 7.24,90, sett av kenyanske Daniel Komen i 1998. Katir sette europarekord med 7.24,68.

(©NPK)

Jakob Ingebrigtsen sette årsbeste i verda på 1500 meter, men var ikkje i nærleiken av verdsrekorden han sette Lievin-stemnet i fjor. Foto: Javad Parsa / NTB