Klargjør siden...

Ingen alvorleg skadd etter gasslekkasje i Oslo

(NPK-NTB-Ole Henrik Tveten): Seks personar er køyrde til sjukehus etter ein gasslekkasje i eit bygg på Filipstad i Oslo. Det er førebels ikkje kjent kva slags gass det er snakk om eller kvar den kjem frå.

Politiet fekk melding om gasslekkasjen ved Joh. Johansson kaffi på Filipstad klokka 10.04.

Klokka 10.45 opplyste politiet at seks personar er frakta til sjukehus, og at 51 personar er evakuerte.

– Ingen av dei seks viser teikn til alvorleg skade, men dei skal undersøkjast for å finne ut kva dei har fått i seg, seier operativ leiar helse Bjørn Sveen.

Det vart først meldt at det var snakk om propangass, men brannvesenet kan ikkje bekrefte kva slags stoff det er snakk om. Han seier vidare at dei veit at det finst både propan og nitrogen i bygget, og at dei har stengt ned desse kjeldene.

Filipstadkaia er sperra av som følgje av hendinga. (©NPK)

Annonse