Klargjør siden...

Ingen arrestert etter knivdrap på ti personar i Canada

Canadisk politi jaktar framleis på to namngitte menn etter at ti personar vart knivdrepne og 15 andre såra i Saskatchewan-provinsen søndag.

Dei to mennene er mistenkte for å ha angripe folk på 13 ulike stader i urfolksreservatet James Smith Cree Nation og den vesle byen Weldon, nordaust for Saskatoon.

Fleire av offera synest å vere tilfeldig utvalt. Politiet har ikkje sagt noko om motiv for ugjerningane og har komme med få opplysningar om drapa

Det er snakk om eitt av dei verste tilfella av massevald i canadisk historie.

Ifølgje politisjefen i provinshovudstaden Regina, Evan Bray, er det mogleg at dei to mistenkte mennene skjuler seg i byen, som ligg 30 mil frå Weldon. Dei to skal ha vorte observerte i byen søndag kveld.

– Det er masse sorg. Det er masse frykt i provinsen vår og i lokalsamfunna våre denne morgonen, seier Bray måndag.

Dei to mistenkte er identifiserte som Myles og Damien Sanderson. Dei er 30 og 31 år gamle.

Lokalbefolkninga i området der drapa fann stad, fortel om sjokk og fortviling. Blant offera var ein eldre mann som budde saman med det vaksne barnebarnet sitt. Barnebarnet skjulte seg i kjellaren og fekk ringt politiet, ifølgje naboar.

(©NPK)

Etterforskarar på plass på eitt av åstadene i småbyen Weldon i provinsen Saskatchewan. Foto: Heywood Yu / The Canadian Press via AP / NTB

Politiinspektør Rhonda Blackmore på søndagens pressekonferanse der bilete av de to som er mistenkte for å ha knivdrepe minst ti menneske, blei vist fram. De to var framleis på frifot måndag. Foto: AP / NTB

Annonse