Ingen endring i arbeidsløysa i USA

(NPK-NTB-AFP-AP): Færre folk fekk seg ny jobb i april i USA, men arbeidsløysa holder seg framleis stabilt på 5 prosent.

Arbeidsløysa har halde seg stabilt på 5 prosent sidan i fjor haust, opplyser arbeidsdepartementet.

I snitt er det månadleg skapt 200.000 nye arbeidsplassar dei siste tre månadene. Talet sokk likevel til 160.000 nye jobbar i april, noko som kan bety at arbeidsgjevarane fryktar svakare økonomisk vekst. Det er spesielt innan butikk, bygg og anlegg og offentleg forvaltning at det var færre nye jobbar. (©NPK)