Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Fluortestinga i skiidrettane fungerer enno ikkje som ho skal. Det fører til to moglege utfall, meiner norsk smørjesjef.
mathias.eftedal@ntb.no/sveinung.engeland@npk.no
Publisert: 22.06.2022 kl 07:40
I helga retta svenske skismørjarar kritikk mot dei internasjonale skiforbunda, etter at dei siste testane av maskina som skal forhindre bruk av fluorsmurning, enda i vonbrot. Det får gjenklang også her til lands.
– Slik det står seg i dag, så er det uforsvarleg å implementere eit fluorforbod. Dersom det skjer, kan eg ikkje stå inne for at det blir rettferdige konkurransar, seier smørjesjefen for skiskyttarlandslaget, Tobias Dahl Fenre, til NTB.
Fluorforbodet er eit betent tema, men det er brei semje i internasjonalt langrenn og skiskyting om at miljøfarleg fluorsmurning ikkje skal tillatast. Utfordringa er at kontrollsystemet så langt ikkje fungerer.
I førre veke vart det gjennomført storstilt fluortesting i austerrikske Ramsau av om lag 50 toppsmørjarar, blant dei norske.
– I vår avdekte vi under testar på Sjusjøen at det er lett å kamuflere fluor med fluorfri-smørjing. Det vi ikkje fekk stadfesta der, var om det er repeterbart, og om det var ein konkurransefordel å dekke til fluorhaldig smørjing. Det fekk vi stadfesta i Austerrike, seier Fenre.
Også smørjesjefen for langrennslandslaget, Stein Olav Snesrud, er skuffa over Ramsau-resultata.
– Vi reiste ned litt optimistisk med tanke på korleis det skulle fungere, men vi såg jo at det er for lett å lure testmaskinene og litt for enkelt å få falske positive svar. Vi ser at dette eigentleg er ei større utfordring enn vi trudde, seier han til NTB.
I vår vedtok Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU), i motsetning til Det internasjonale skiforbundet (FIS), eit totalforbod før kommande sesong. Nedslåande testresultat og knapp tidsfrist bekymrar Fenre.
– Eg har kjent på ei uro, fordi eg føler at prosessen går sakte. Vi finn ikkje nokon gode løysingar på dei store problema. Det er slik eg ser det berre to alternativ: Å bruke veldig lang tid på å få på plass systemet, eller å ha ein overgangsperiode med mykje kaos. Kanskje må ein berre hoppe rett i det, seier han.
Smørjesjefen deler dei «store problema» inn i fire:
– Men vi er i ein prosess som er veldig positiv når det gjeld samarbeid mellom smørjebuene og forbunda. Det trur eg gjer at prosessen tek kortare tid, og eg er glad for at IBU og FIS har sleppt oss meir inn i prosessen, seier Fenre.
– Kva må skje framover?
– Konkret må det jobbast meir med testing og utsetje forbodet til det er klart, fastslår Fenre.
Medan Peter Myhlback, sjef for smørjeteamet i svensk langrenn, ber om at totalforbodet mot fluorsmurning blir utsett, er den norske kollegaen hans meir open.
– Eg vil ikkje gå hardt ut omkring forbodet no. Eg tenkjer at det trengst meir tid for forbunda og dei som lagar testmaskinene til å samanfatte, leggje ein plan og komme opp med betre løysingar, seier Snesrud til NTB.
– Men det var ingen som kom med ein «quick fix»-løysing i Ramsau, og det hastar litt med tanke på sesongen som kjem, fastslår han.
(©NPK)
Det er den C8-kjeda fluorsmurninga som er forbode i Europa på grunn av påverknaden ho har på klima og miljø. Men fleire nasjonale forbund slit med å få testsystemet til å fungere og meiner det framleis er ganske enkelt «å lure» kontrollmaskinene. Foto: Lise Åserud / NTB
Smørjesjef for skiskytterne Tobias Dahl Fenre seier at samarbeidet med dei internasjonale skiforbunda er blitt betre dei siste to åra. Foto: Vidar Ruud / NTB
Noregs sjefssmøjar Stein Olav Snesrud på langrennssida vil ikkje gi eit endeleg svar om fluorforbudet, men skulle gjerne hatt meir tid til testing og praktisk gjennomføring før skirenna neste sesong. Foto: Terje Pedersen / NTB