Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Dei beste norske skiskyttarane med Emil Hegle Svendsen og Tiril Eckhoff i spissen reiser som venta ikkje til verdscupen i Canada i byrjinga av februar.
npk@npk.no
Publisert: 27.01.2016 kl 13:53
Det har tidlegare blitt sagt at reisa over Atlanteren med jetlag kan verke forstyrrande med tanke på førebuingane til VM på heimebane.
Blant kvinnene skal VM-uttatte Synnøve Solemdal og Marte Olsbu gå. Sistnemnde har gjort det best i verdscupen så langt, men på ingen måte imponert. Kaia Wøien Nicolaisen, Hilde Fenne og Lene Berg Ådlandsvik skal gå i Canada og kjemper om den siste VM-plassen.
Blant gutane er det berre Lars Helge Birkeland av dei VM-klare som skal gå. For Henrik L'Abée-Lund, Alexander Os, Håvard Gutubø Bogetveit og Vetle Sjåstad Christiansen blir det å imponere så pass at dei kan bli vurdert som sjette mann på TV-laget.
Det står sprint (4/2 og 5/2) med etterfølgande jaktstartar (6/2), sprintstafett og blanda stafett (7/2) på programmet i Canada.
Emil Hegle Svendsen, Tarjei Bø, Johannes Thingnes Bø og Ole Einar Bjørndalen ligg alle blant dei ti beste i verdscupsammendraget, men alle står over renna i Canada.
Erlend Bjøntegaard gjekk inn på stafettlaget då Hegle Svendsen og Bø måtte stå over under verdscupen i Antholz. Heller ikkje han er med når verdscupen flytter seg over Atlanterhavet. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.