Annonse

Ingen positive koronatestar i toppfotballen – må likevel vente med treningskampar

Norges Fotballforbund konkluderer med at fase 1 av gjenoppstarten av toppfotballen har vore vellykka, men ber eliteserieklubbane vente med treningskampar.

Det opplyser NFF i ei pressemelding om den første evalueringsrapporten av den såkalla testpiloten for fotballen.

– Treningskampar er ein naturleg og viktig del av treninga inn mot sesongstart, og det er brei semje i idrettsmedisinske miljø om at treningskampar er viktig for å førebyggje skadar. NFF har likevel bede klubbane vente med treningskampar dei første to vekene, sidan fellestreningar med kamp vil innebere noko reising, særleg for klubbar heilt nord i landet, seier elitedirektør Lise Klaveness i NFF.

Forbundet opplyser vidare at det vil avklare spørsmålet rundt treningskampar denne veka.

Eliteserieklubbane har sidan 11. mai kunna drive fotballtrening under det strenge smittevernsregimet som er vedteke i protokollane til forbundet for gjennomføring av trening og kamp. Seriestarten går 16. juni.

(©NPK)

Eliteserieklubbene får inntil vidare ikkje spele treningskampar.
Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix