Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPk-NTB): Kværner fekk eit resultat før skatt på 232 millionar kroner i tredje kvartal. Det er ein auke frå 161 millionar frå same periode i fjor.
npk@npk.no
Publisert: 06.11.2015 kl 09:34
Kværner-resultatet for tredje kvartal vart lagt fram fredag. Her kjem det fram at driftsinntektene går ned frå 4 milliardar i tredje kvartal i fjor, til 2,9 milliardar kroner i tredje kvartal i år.
I kvartalsrapporten står det også at driftsresultatet enda på 164 millionar, mot 176 millionar tredje kvartal 2014.
– Mange aktørar har no berre fokus på nedskalering. Kværner vil kombinere restruktureringa med spissa investeringar i anlegg og meir kompetanse. Vi siktar på å halde fram å vere robuste for å komme ut av denne krevjande perioden sterkare og meir fleksible, seier Jan Arve Haugan, konsernsjef i Kværner.
Ute i marknaden tok ein godt imot tala frå Kværner. Aksjen steig 5,31 prosent frå start på Oslo Børs. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.