Klargjør siden...

Internasjonal interesse for dataspel-studium i Bergen

(NPK-NTB): Elevar frå heile verda ønskjer seg til Garnes vidaregåande skule i Bergen for å studere e-sport, men alle sør for Hordaland blir avviste.

– Vi er dessverre nøydde å avvise desse elevane frå andre land i verda, seier realfagslærar Petter Johnstad ved skulen til Bygdanytt.

Skulen er den første i Noreg som tilbyr dataspel som konkurranseform som del av den generelle studiekompetansen. Etter ei avstemming på skulen er det bestemt at det nye faget, som har fått namnet e-sport, i første omgang skal satse på spela Counterstrike og League of Legends.

– Det er dei to største spela i e-sport-miljøet i Noreg i dag. Dei skilde seg klart ut på vår undersøking som dei to mest etterspurde spela, seier Johnstad.

Ifølge Johnstad er det mange håpefulle elevar frå Asia, Europa og Amerika som ønskjer seg skuleplass på Garnes til hausten. Mange av dei tar kontakt via Facebook. Éin av dei er i Jakob Fichtner (20) frå Tsjekkia:

– Om eg hadde sjansen til å gå på denne skulen, ville eg gjort det. Eg synest det er verkeleg trist at eg ikkje kan søke. Skulen må jo tape på det ved ikkje å ta inn internasjonale studentar. Eg frå Tsjekkia er villig til å bu og studere i kalde Noreg, seier han til Bygdanytt. (©NPK)

Annonse