Internasjonale skiskyttarstjerner sesongopnar på Sjusjøen

Det er ikkje berre norske toppløparar som skal i aksjon når skiskyttarsesongen opnar på Sjusjøen til helga. Franske Martin Fourcade er ein av storløparane.

Fleire andre stornasjonar innan idretten stiller med sterke løparar på startstreken til renna på Natrudstilen.

Martin Fourcade og Simon Desthieux er heite namn frå den franske leiren, Italia sender dei beste kvinneløparane sine i Lisa Vittozzi og Dorothea Wierer, medan tyskarane stiller mannsterke med mellom anna Simon Schempp, Erik Lesser og Benedikt Doll.

- Dette blir ein real forsmak på kva vi har i vente i verdscupen seinare i sesongen. Det er gledeleg at så mange internasjonale toppnamn frå nasjonar som Tyskland, Frankrike og Italia stiller til start. Og så er vi sjølvsagt frykteleg spente på kva dei norske utøvarane kan få til i det første rennet i sesongen, seier rennleiar Jens Schjerven i ei pressemelding frå Norges Skiskytterforbund.

I alt stiller ti nasjonar med løparar i Sjusjøen-renna. Det blir gått sprint for begge kjønn kommande laurdag og fellesstart søndag.

I fjor vann Tiril Eckhoff begge renna for kvinner. I herreklassen vart det sprintsiger til Johannes Thingnes Bø og triumf på fellesstarten for storebroren Tarjei Bø.

(©NPK)

Martin Fourcade går for sigersreprise i sesongopninga på Sjusjøen. Den franske skiskyttarstjerna vann då han sist gjekk løp der i 2017.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix