Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Ei investorgruppe leidde av Permira og Blackstone har komme med eit bod på Adevinta. Bodet verdset rubrikkselskapet til over 141 milliardar kroner.
Publisert: 21.11.2023 kl 18:05
Sist oppdatert: 21.11.2023 kl 18:23
Bodet er stadfesta av Adevinta i ei børsmelding og av Schibsted, som eig nesten 30 prosent av selskapet. Investeringsfonda legg inn eit bod på selskapet på 115 kroner aksjen.
Både E24, Dagens Næringsliv og Finansavisen har omtalt saka.
Permira, Schibsted og Ebay eig litt over 70 prosent av aksjane i Adevinta.
Schibsted tilrår å akseptere bodet. Det inneber at Schibsted vil selje 60 prosent av sin eigardel på 28,1 prosent, og bodet verdset denne eigarposten til 24 milliardar kroner. Viss bodet går gjennom, vil Schibsted eige 13,6 prosent av Adevintas nye eigarselskap.
Forhandlingane om Adevinta har gått føre seg i fleire veker, og det har vore mykje fram og tilbake med det mykje omtalte potensielle bodet.
På førehand anslo analytikarane eit bod som ville prise selskapet til 120 kroner per aksje, skriv Finansavisen. Adevinta-aksjen fall 1,5 prosent til 106,1 kroner i handelen tysdag.
Adevinta er eit dotterselskap i Schibsted-konsernet og det sjette største selskapet på Oslo Børs med ein marknadsverdi på 124 milliardar kroner. Selskapet er meir verd enn både laksegiganten Mowi og gjødselprodusenten Yara.
(©NPK)