Klargjør siden...
Annonse

Irak hentar heim 600 migrantar frå Kviterussland

Irak sender to fly for å hente heim meir enn 600 irakarar som er stranda ved grensa mellom Kviterussland og Polen, opplyser samferdselsdepartementet i landet.

Hundrevis av irakarar, dei fleste av dei kurdarar, kom førre veke heim frivillig med fly frå Kviterussland, der tusenvis av migrantar og flyktningar har samla seg ved grensa, i håp om å ta seg inn i EU. Der har dei vorte sitjande i iskalde temperaturar.

Talsperson Ahmed al-Saha i det irakiske utanriksdepartementet opplyser at 617 skal hentast heim. Det første flyet landa i Arbil, hovudstaden til kurdarane, etter midnatt, får nyheitsbyrået AFP opplyst.

Drøymde om eit nytt liv

Til saman 431 irakarar vart flogne heim frå Kviterussland 18. november, og fleire var misfornøgde. Mange av dei fortalde at dei hadde brukt sparepengar, selt verdisaker og også teke opp lån for å ta seg ut av økonomisk uføre i Irak og starte eit nytt liv i EU. Så langt kom dei ikkje.

Vesten skuldar Kviterussland for å ha lokka til seg folk med falske lovnader om at dei kunne ta seg inn i nabolanda Polen og Litauen, som begge er med i EU. Kviterussland avviser skuldingane og kritiserer EU for å ikkje ha teke imot migrantane.

Minst 13 døde

Ifølgje Human Rights Watch (HRW) har minst 13 menneske døydde i grenseområdet.

HRW skuldar polsk grensepoliti for å presse migrantar ut av landet, iblant med vald, sjølv om dei ber om å få søkje asyl. På kviterussisk side må migrantane etter seiande tole valdsbruk, umenneskeleg og audmjukande behandling frå grensepolitiet.

– Sjølv om Kviterussland konstruerte denne situasjonen, heilt utan omsyn til dei menneskelege konsekvensane, deler Polen ansvaret for den kraftige lidinga i grenseområdet, heitte det frå Lydia Gall, som jobbar for HRW i Europa og Sentral-Asia, i ein rapport denne veka.

(©NPK)

Irakiske migrantar på flyplassen i Arbil etter å ha blitt henta heim frå Kviterussland 18. oktober. Tusenvis av migrantar frå Midtausten, mange av dei kurdarar, har stranda på grensa mellom Kviterussland og Polen. Den irakiske regjeringa har allereie henta heim 431 statsborgarar, og torsdag blir ytterlegare 617 plukka opp, ifølgje utanriksdepartementet i landet. Foto: Hussein Ibrahim / AP / NTB