Annonse

Iransk filmskapar lauslaten mot kausjon

Den iranske filmregissøren Jafar Panahi er lauslaten mot kausjon etter at han byrja ein sveltestreik i protest mot at han sat fengsla, seier ei rettsgruppe.

Annonse

Panahi vart arrestert i juli for å sone ein dom på seks års fengsel frå 2010. Han var dømd for å drive «propaganda mot systemet», men i oktober sette høgsterett dommen til side og beordra ny rettsbehandling. Den 62 år gamle regissøren vart likevel ikkje lauslaten.

Onsdag starta han ein tørr sveltestreik, noko som inneber at han heller ikkje tok til seg væske. Sveltestreiken, som kan vere dødeleg på berre få dagar, utløyste bekymring ei rekkje stadar i verda for den prisvinnande regissøren.

– Panahi vart lauslaten to dagar etter at han starta sin sveltestreik for fridom, skriv den USA-baserte menneskerettsgruppa Center for Human Rights in Iran på Twitter.

– Panahi vart mellombels lauslaten frå Evin fengsel etter innsats frå familie, velrenommerte advokatar og representantar for filmbransjen, opplyser ei foreining for filmmedarbeidarar i Iran.

Panahi har vunne prisar ved alle dei viktigaste filmfestivalane i Europa: Cannes, Berlin og Venezia.

(©NPK)