Iranske aktivist-kvinner nominert til fredsprisen

Venstre-nestleiar Abid Raja har nominert den feministiske revolusjonen i Iran og eksiliranar Masih Alinejad til Nobels fredspris.

Raja grunngir forslaget med at den feministiske revolusjonen i Iran er ein pågåande fridomskamp som blir møtt med iskald valdsbruk av regimet. Kvinnene og støttespelarane deira risikerer livet for å ta tilbake retten til å bestemme over seg sjølv, seier han.

– Vi som tek fridommen for gitt, skuldar dei støtte og synlegheit, seier Raja.

Journalist og aktivist Masih Alinejad har 8,7 millionar følgjarar på Instagram og har fleire gonger delteke i nyheitssendingane til mellom anna CNN. Ho er ein kjend skikkelse i det iranske eksilmiljøet og er svært kritisk til det iranske regimet. Ho er også amerikansk statsborgar.

– Alinejads var initiativtakar til My Stealthy Freedom, som protesterer mot Irans obligatoriske hijablov. Hijabpåbodet er udemokratisk og eit brot på grunnleggjande rettar som ytringsfridom. Ho har ei stemme med påverknadskraft og som har bidrege til å løfte iranske kvinners situasjon fram i lyset. Derfor vil eg også heie henne fram, seier Raja.

(©NPK)

Masih Alinejad, her på Verdens økonomiske forum i Davos tidlegare i vinter. No er ho nominert til Nobels fredspris saman med heile den iranske kvinnerørsla. Foto: Markus Schreiber / AP / NTB