Iron Maiden har kome til Noreg

(NPK-NTB): Det britiske heavy metal-bandet Iron Maiden kom til Oslo lufthamn måndag ettermiddag med rutenummer ABD666. Det er første gongen det privateigde flyet har landa på norsk jord.

Bandet er på verdsturné og landa måndag klokka 18.18 på Gardermoen i jumbojeten Ed Force One, to dagar før konserten i Telenor Arena.

Flyet, som er målt med namnet og logoen til bandet, har fått mykje merksemd når det har gått inn for landing over heile verda. Sidan februar har bandet vore innom 36 land. (©NPK)