Klargjør siden...

IS publiserte video av likvideringar i Irak

(NPK-NTB-AFP): Ekstremistgruppa IS har publisert ein video som viser fem påståtte «spionar» bli skotne og drepne i Irak. Unge menn som vart plukka ut frå ei folkemengde, utførte drapa.

Den 12 minutt lange videoen, som vart offentleggjort på sosiale medium onsdag, etterliknar eit TV-show der publikum blir intervjua og invitert til å delta i drapa.

Videoen er filma i Nineveh-provinsen der Mosul er hovudstad. Den startar med bilete av øydeleggingar som IS presenterer som resultat av dei USA-leidde luftangrepa mot dei. Opptaka viser også bilete av døde barn.

Deretter går videoen over til å vise fem menn frå Mosul som «tilstår» korleis dei har formidla vidare etterretning om jihadistar i Nineveh, som for det meste er kontrollert av IS.

Fem IS-bødlar blir viste mens dei står bak dei fem tiltalte, som er kledde i oransje dressar. Ein av ekstremistane begynner deretter å plukke ut frivillige frå folkemengda til å utføre drapa, og dei fem IS-bødlane blir erstatta av «sivile».

Videoen vart utgitt same dag som IS tok på seg ansvaret for tre bombeangrep i Bagdad der minst 94 personar vart drepne, det dødelegaste angrepet i den irakiske hovudstaden så langt i år. (©NPK)

Annonse