Annonse

Isak Dybvik Määttä vraka norske storklubbar – klar for nederlandske Groningen

Den 21 år gamle venstrebacken Isak Dybvik Määttä har tiltrekt seg mykje interesse for prestasjonane sine i Aalesund. Torsdag signerte han for Groningen.

Det stadfesta den nederlandske klubben på nettsidene sine.

Han har skrive under ein fireårskontrakt med opsjon om ytterlegare utviding.

Määttä valde utlandet som sitt neste karriesteg trass i stor interesse frå både Molde og Bodø/Glimt i Noreg.

– Som liten var det alltid ein draum å spele i utlandet, så sjølvsagt er dette ein draum som går i oppfylling. Dette er noko eg har jobba veldig hardt for og noko eg alltid har hatt trua på at eg skal klare. Groningen er ein stor klubb i Nederland og har vist at dei er flinke til å utvikle spelarar, så valet vart veldig lett då dei ville hente meg, seier Isak Dybvik Määttä til AaFKs nettside.

– Nederlandsk fotball er bra og har mange store klubbar. Dei liker å spele offensiv fotball, noko som kan passe meg veldig godt. Eg ser fram til å utvikle meg som fotballspelar der, seier han.

Det norske backtalentet noterte seg for tre fulltreffarar på totalt 15 kampar i Eliteserien denne sesongen.

Ifølgje VG skal overgangssummen liggje på minst 12 millionar kroner. Tidlegare i juli har Aalesund også selt toppskåraren sin, Sigurd Haugen, til AGF i dansk fotball.

I Nederland blir Määttä lagkamerat med den norske spissen Jørgen Strand Larsen og får trøye nummer 18.

Groningen opnar sesongen mot Volendam 7. juli.

(©NPK)