Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Birgitte Iversen): Samisk høgskole i Kautokeino får ikkje starta opp lærarstudiet i år på grunn av dei nye mattekrava til regjeringa. Kunnskapsministeren meiner det ikkje er god nok grunn til å fire på kravet.
npk@npk.no
Publisert: 19.08.2016 kl 15:48
Kun to av søkjarane til Samisk høgskole i Kautokeino i haust hadde karakteren 4 i matte. Dermed var det for få studentar til at høgskolen kunne starte opp studiet, melde NRK torsdag.
Samisk høgskoles rektor Gunvor Guttorm er bekymra for kva konsekvensar dette vil få for det samiske samfunnet.
– I verste fall får vi ikkje lenger nye utdanna samiske lærarar, seier Guttorm.
Samisk høgskole har utdanna samiskspråklege lærarar sidan 1989.
– Samisk høgskole har i fleire år slite med å trekke til seg søkjarar til lærarutdanninga si. Det er ikkje første gong dei ikkje startar opp lærarutdanning på grunn av at dei manglar kvalifiserte søkjarar. Det er i seg sjølv urovekkjande, men løysinga er ikkje å senke krava. Samiske skulebarn har krav på same lærarstandard som norskspråklege barn. Det ville vere gale om det var lågare krav for opptak til samiske lærarutdanningar enn til andre lærarutdanningar, seier Isaksen til NTB.
Tal frå Utdanningsforbundet viser at det etter suppleringsopptaket 29. juli stod 449 tomme plassar på grunnskulelærar- og lektorutdanningane. Brorparten av desse var plassar som blei haldne av til dei i underkant 400 studentane som prøvde å nå mattekravet gjennom eit forkurs i sommar. 367 av desse studentane klarte ikkje kravet, og både forkurset og eksamenen har fått massiv kritikk i etterkant.
Gunvor Guttorm seier Samisk høgskole i utgangspunktet hadde nok søkjarar i år, men at det var det nye mattekravet som stoppa studiet. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.