Isbjørnbinne med unge avliva på Svalbard

(NPK-NTB): Éi isbjørnbinne måtte avlivast på Austfjordnes på Svalbard. Også ungen til isbjørnen måtte avlivast fordi han ikkje kunne klart seg sjølv.

– Dette er forferdeleg trist. Vi gjer alt vi kan for å unngå at isbjørn må bøta med livet i konfrontasjon med menneske, seier sysselmann Kjerstin Askholt.

Ifølgje Sysselmannen blei det gjort ei grundig vurdering av situasjonen i samråd med Norsk Polarinstitutt.

– Det er sjølvsagt ekstra ille når ein unge må avlivast, men vi såg ikkje noko anna utveg sidan han ikkje kan overleva utan mora. No må vi venta på den vidare etterforskinga av hendinga, fortel Askholt. (©NPK)

Annonse