Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AP-AFP): Israelske kampfly har åtaka to Hamas-mål sør på Gazastripa som svar på raketteld mot Israel, ifølgje det israelske forsvaret.
npk@npk.no
Publisert: 26.05.2016 kl 16:37
Ingen blei drepne eller såra korkje i dei israelske åtaka eller av rakettåtaka i forkant av dei.
Militante grupper i Gaza har utført sporadiske rakettåtak mot Israel sidan den seinaste Gaza-krigen i 2014. Ifølgje det israelske forsvaret har ni rakettar slått ned i Israel så langt i år, ein stor nedgang frå tidlegare periodar.
Den vesle salafistgruppa Ajnad Beit al-Maqdis har tatt på seg ansvaret for rakettåtaka, ifølgje nyheitsbyrået AFP. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.