Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Rundt 83.000 palestinarar har fått inndregne innreiseløyva sine til Israel under ramadan, opplyser styresmaktene i landet.
npk@npk.no
Publisert: 09.06.2016 kl 07:41
– Alle innreiseløyve under ramadan, særleg løyve for familiebesøk frå Judea og Samaria til Israel, er blitt frosne, heitte det torsdag morgon i ei fråsegn frå det israelske forsvarets eining COGAT, som har ansvar for sivile tilhøve på den okkuperte Vestbreidda.
Ifølgje COGAT blir 83.000 palestinarar omfatta av innreiseforbodet. I tillegg har 200 palestinarar frå Gazastripa blitt fråtekne sine løyve til å besøkje familiar busette i Israel, opplyser COGAT.
Kunngjeringa torsdag kom dagen etter at fire menneske vart skotne og drepne i Tel Aviv. Politiet kalla angrepet terrorisme og uttalte at to palestinarar frå Hebron på Vestbreidda stod bak. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.