Klargjør siden...

Israel stadfestar at fem av gislane er døde

Det israelske militæret (IDF) stadfestar at fem av gislane som har vorte haldne i Gaza, er døde og at familiane deira er informerte.

IDF-talsmann Daniel Hagari seier vidare at levningane av ein av dei døde har vorte sendt tilbake til Israel.

Ifølgje Hagari er det no 136 gislar igjen på Gazastripa.

Om lag 240 menneske, hovudsakleg israelarar, vart bortførte under Hamas-angrepet mot Israel 7. oktober. Israel har svart med massive angrep på Gazastripa der over 15.000 menneske har vorte drepne, dei aller fleste sivile.

81 israelske gislar har vorte lauslatne i løpet av dagane som den mellombelse våpenkvila varte, i tillegg til 24 utanlandske statsborgarar, dei fleste thailendarar. Samtidig har om lag 240 palestinarar vorte lauslatne frå israelsk fengsel.

(©NPK)

Annonse