Israelar såra i nytt knivangrep på Vestbreidda

(NPK-NTB-AFP): Ein israelsk mann vart knivstukken og alvorleg såra ved ei busetjing på den okkuperte Vestbreidda fredag, opplyser den israelske regjeringshæren.

– Ein palestinar angreip og knivstakk ein israelar utanfor ein supermarknad i Shaar Binyamin og såra han alvorleg. Angriparen flykta frå staden, heiter det i ei kunngjering.

Industriparken Shaar Binyamin ligg tett ved busetjinga Pisgat Ze'ev rett nord for Jerusalem. (©NPK)

Annonse