Annonse

Israelarar flest vil ikkje ha soldatar og busetjingar i Gaza

Få israelarar er tilhengarar av å etablere busetjingar og ha eit permanent nærvær av soldatar på Gazastripa, viser meiningsmåling.

19 prosent av dei spurde meiner at Israel bør etablere busetjingar i Gaza, viser ei måling utført av Israel Democracy Institute, referert i avisa Haaretz.

Blant israelske jødar meiner 22,5 prosent at det bør etablerast busetjingar i Gaza, medan 39 prosent av religiøse sionistar meiner det same. Blant ultraortodokse er heile 52 prosent tilhengarar av å byggje busetjingar i den palestinske enklaven.

På spørsmål om kven som bør styre Gaza når krigen er over, meiner berre 13 prosent at det palestinske sjølvstyret (PA) i Ramallah bør overta.

Internasjonal styrke

33 prosent meiner ein internasjonal styrke bør styre Gaza, medan 24 prosent meiner at israelske styrkar bør bli verande der og ha militær kontroll over området.

Blant palestinarar med israelsk statsborgarskap meiner 46 prosent at PA bør overta styrkinga etter Hamas i Gaza, medan 25 prosent meiner at ein internasjonal styrke bør på plass.

7,5 prosent meiner israelske styrkar bør bli verande der, medan vel 20 prosent seier at dei er usikre på korleis Gaza bør styrast i framtida.

Har sett bilete

Israel Democracy Institute har også undersøkt påstanden om at israelske medium ikkje viser bilete frå Gaza, og at israelarar flest derfor ikkje veit kor store øydeleggingane etter dei israelske angrepa der er.

87 prosent av israelske jødar og 68 prosent av israelske palestinarar seier at dei har sett nokre eller mange bilete eller videoar av øydeleggingane, viser undersøkinga.

Påstanden om at israelarar flest ikkje har fått sjå øydeleggingane er derfor grunnlaus, konkluderer instituttet.

(©NPK)

Israelarar flest har sett bilete og videoar av dei massive øydeleggingane etter Israels angrep på Gazastripa, og berre 19 prosent meiner Israel bør etablere busetjingar der når krigen er over, viser meiningsmåling. Foto: AP / NTB