Annonse
Annonse
Annonse

Israelsk mor og to barn såra i angrep på Vestbreidda

(NPK-NTB): Ei israelsk kvinne og hennar to barn blei såra då bilen deira blei angripen med ei brannbombe på Vestbreidda, ifølgje den israelske hæren.

Annonse

Angrepet skjedde like ved den israelske busetjinga Beit El.

Ifølgje avisa Haaretz har eitt av offera, ei fire år gammal jente, fått brannskadar på 35 prosent av kroppen, medan søstera og mora blei lettare skadd. (©NPK)