Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): To israelske turistar blei seint måndag kveld henta ned frå fjellet etter å ha fått problem under ein tur til Trolltunga. Redningsoperasjonen var den sjuande på ei veke ved turistmagneten.
npk@npk.no
Publisert: 06.09.2016 kl 08:08
– To israelske turistar henta ned. Våte og kalde, men elles i god form, melder politiet i Hordaland på Twitter.
Dei sakna personane blei funne av eit redningshelikopter, plukka opp og avlevert ved Skjeggedal. Også Røde Kors var med i leiteaksjonen etter turistane.
Dei to israelarane er ikkje dei einaste som har støytt på vanskar i samband med turar til det populære turistmålet Trolltunga den siste tida. Berre den siste veka har hjelpekorpsa rykt ut til staden sju gonger, og redningsaksjonen måndag var den 28. så langt i år, ifølgje (©NPK)NRK.