Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Eit mislykka IT-prosjekt i Nav har vorte seks års forseinka, kosta hundrevis av millionar kroner og har auka ventetida i klagesaker. Det motsette var målet.
Publisert: 03.01.2023 kl 07:20
Ifølgje avisa Klassekampen var planen at det interne IT-prosjektet skulle automatisere store delar av saksbehandlinga. Nav fekk 872 millionar kroner til prosjektet, pengar som no har vorte brukte opp utan at ventetida har vorte mindre.
Ventetida på å behandle klagesaker om sjukepengar er no 52 veker – altså eit år. I utgangspunktet skal det ikkje ta meir enn tolv veker å få svar på ei slik klage.
IT-prosjektet som skulle effektivisere behandlinga og erstatte eit over 40 år gammal system, skulle ha vore ferdig 1. oktober 2020. Men no opererer Nav med eit plan om at det skal vere ferdig innan inngangen av 2027.
«Dessverre har utviklingen tatt lengre tid enn vi regnet med. Dette har dessverre medført for lang saksbehandlingstid på klagesaker», skriv Nav-direktør Hans Christian Holte i ein e-post til avisa.
Talet på saksbehandlarar har vorte redusert i Nav, mellom anna på grunn av forventninga til det nye IT-systemet, og dermed har klagebehandlingstida auka kraftig.
Både tillitsvalde og Sivilombodsmannen har reagert på utviklinga, og ombodet oppretta i haust ei undersøkingssak mot Nav.
Høgare kompleksitet enn først anteke, manglande heilskapstenking og forhold knytt til leiing og styring er oppgitt som nokre av årsakene til IT-forseinkinga.
(©NPK)
Nav-direktør Hans Christian Holte beklagar at eit forseinka IT-prosjekt fører til rekordlange køar i klagebehandlingar hos Nav. IT-systemet skulle vore klart i 2020, men er antakeleg ikkje ferdig før i 2027. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK