Annonse

Italia lar migrantskip leggje til kai på Sicilia, men ventar på fordeling

Italia lét måndag eit skip med 177 flyktningar leggje til kai på Sicilia, men krev at dei skal fordelast på fleire EU-land.

Den italienske regjeringa skar med dette gjennom ei fire dagar lang tautrekking med Malta. Dei 177 vart torsdag plukka opp i maltesiske farvatn, og dei to landa har ikkje vorte einige om kven som har ansvaret for dei.

Søndag trua innanriksminister Matteo Salvini med å sende flyktningane tilbake til Libya. No lèt han skipet liggje i hamnebyen Catania, og kjelder i departementet seier at han ikkje vil la dei sleppe i land før det er klart at dei skal til andre land.

EU og FN har fleire gonger peika på at det er ulovleg å sende flyktningar tilbake til eit land der dei kan bli utsette for overgrep og tortur.

Italiensk UD har formelt bedt EU-kommisjonen om å samordne ei fordeling av dei 177 flyktningane som er om bord i kystvaktskipet Diciotti. Ein talsmann for kommisjonen sa måndag at arbeidet med å kontakte medlemslanda i unionen er i gang.

Dette er sjette gong på få månader EU løyser ei flyktningkrise ad hoc. Det er ikkje mogleg å lage ein politikk som alle kan slutte seg til, og kvar ny skipslast med flyktningar utløyser den same tautrekkinga mellom medlemslanda.

(©NPK)