Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Aksjane i fleire italienske fleire bankar heldt tysdag fram det kraftige fallet frå dagen før, men landets statsminister avviser at sektoren er i krise.
npk@npk.no
Publisert: 02.08.2016 kl 17:16
– Mitt syn er at italienske banker er solide, seier statsminister Matteo Renzi i eit intervju med amerikanske CNBC tysdag.
– Ja, det er enkelte problem. Det første veit vi er Monte de Paschi. Men Monte de Paschi er òg eit flott varemerke, Europas eldste bank. No, utan dei mishaldne låna, og med ein klar strategi, trur eg denne banken vil kunne bli ein veldig god bank i framtida, la han til.
Men etter eit kraftig fall måndag, stupte Monte de Paschi vidare 12 prosent tysdag og drog med seg Milano-børsen nedover. Italias største bank, Unicredit, fall òg kraftig, 9,4 prosent måndag og 6,5 prosent tysdag ettermiddag.
Investorane fryktar andre italienske banker kan bli tvungne til å avskrive mishaldne lån og derfor hente inn meir kapital, slik Monte di Paschi måtte for å få tilgang til ein redningspakke. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.