Klargjør siden...

Iver Horrem legg opp

(NPK-NTB): 39-årige Iver Horrem legg opp som sandvolleyballspelar etter sesongen.

Det stadfesta veteranen ovanfor arrangøren av OL-kvalifiseringa i Stavanger fredag.

– Vegen vidare for meg er ikkje som spelar, etter denne sesongen er eg ferdig. Nokon som er yngre får ta over, seier Horrem til nettsida til turneringa.

Denne veka spelar Horrem og hans noverande makker Geir Eithun om ein OL-billett. Draumen er å avslutte karrieren med spel i Rio.

– Det ville vore veldig spesielt å sikre ein OL-plass på heimebane. Det er alltid spesielt å spele heime og å ha publikum i ryggen, forklarer Horrem, som har vore proff i sanden sidan 1999.

– Eg bestemte meg for å bli god. Eg har lagt ned mykje arbeid og ofra mykje for å nå dei måla eg har sett meg. (©NPK)

Annonse