Ja til nytt vindkraftverk i Ofoten

(NPK-NTB): Nordkraft Vind har fått konsesjon til å byggje ein vindkraftpark i Sørfjorden i Tysfjord kommune i Nordland. Produksjonen vil motsvare forbruket til rundt 16.000 husstandar.

Konsesjonen for Sørfjorden vindkraftverk vart gitt av Olje- og energidirektoratet fredag og inkluderer nettilknyting i Tysfjord. Ifølgje oppjusterte anslag vil anlegget kunne gi inntil 320 gigawattimar (GWh) i året.

– Meir fornybar kraftproduksjon er eit mål for regjeringa. Konsesjonen til Sørfjorden kan gi eit betydeleg bidrag til ny fornybar kraftproduksjon i Nordland, seier olje- og energiminister Tord Lien (Frp).

Vedtaket frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vart klaga på av den svenske samebyen Unna Tjerusj, som har beiterettar i området. Departementet har hatt konsultasjonar med både samebyen og Sametinget og meiner at omsynet til reindrifta blir varetatt.

Samstundes stadfesta departementet NVE-avslaget på søknaden om å etablere Skogvatnet vindkraftverk, også det i Tysfjord kommune. Statsskog klaga på avslaget, men departementet meiner blant anna at dei to prosjekta ville ha konkurrert om nettkapasiteten i området. Også mindre miljømessige inngrep ved Sørfjorden spelte inn. (©NPK)

Annonse