Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Olje- og energidepartementet gir grønt lys til eit nytt vindkraftprosjekt i Sokndal i Rogaland. Vindmøllene vil kunne forsyne om lag 3.500 husstandar med straum.
npk@npk.no
Publisert: 04.02.2016 kl 13:57
Det er Moldalsknuten vindkraftverk som no har fått ja frå departementet.
Prosjektet blir rekna som ei utviding av Tellenes vindkraftverk, som allereie har fått konsesjon.
– Moldalsknuten vindkraftverk kan gi ein auka fornybar energiproduksjon med små skadar og ulemper, i eit område allereie avsett til vindkraft, seier olje- og energiminister Tord Lien (Frp).
– Prosjektet går godt saman med målet om lågast mogleg miljø- og samfunnskostnader per kilowattime produsert vindkraft, seier han. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.