Jagland kritisk til dansk «smykkelov»
(NPK-NTB): Generalsekretær i Europarådet Thorbjørn Jagland meiner dei nye danske asylinnstrammingane kan vera i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen.
Det danske folketinget vedtok tysdag nye innstrammingar som mellom anna inneber at styresmaktene kan beslagleggja verdisaker frå asylsøkjarane for å dekkja utgifter under asylbehandlinga.
Til VG seier Jagland at det kan bli aktuelt for Europarådet å vurdera om dette bryt med internasjonal rett.
– Etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen er det ikkje lov å konfiskera eigedom. Det er også stadfesta gjennom ei lang rekkje dommar i Menneskerettssdomstolen i Strasbourg, seier Jagland.
– Ein kan sjølvsagt be asylsøkjarane om å bidra til sitt eige opphald, men ein kan faktisk ikkje konfiskera eigedom for deretter å bruka det til betaling, legg han til.
Han peikar på at ei eventuell vurdering frå Europarådet er avhengig av at danske domstolar først seier ein dom. (©NPK)