Jakob Ingebrigtsen klar for Bislett-comeback

Jakob Ingebrigtsen (21) skal for første gong på tre år konkurrere framfor folkehavet i Bislett Games.

– Det er tre år sidan eg har konkurrert i «ordentlege» Bislett Games. Eg var sjuk i fjor og fekk dessverre ikkje konkurrert, sa Ingebrigtsen under pressekonferansen onsdag.

På grunn av koronapandemien vart Bislett Games bytt ut med «Impossible Games» i 2020, og året etter måtte den olympiske meisteren stå over på grunn av halsbetennelse.

Men i år er det yngste bladet Ingebrigtsen endeleg på plass igjen på Bislett stadion, der det er duka for folkefest med over 15.000 på tribunen.

Ingebrigtsen har starta sesongen bra med siger i Diamond League-stemnet i Eugene på ei engelsk mil.

– Eg er veldig fornøgd med sesongen til no. EM og VM er hovudmåla denne sesongen, men eg må få inn nokre løp før det, sa Ingebrigtsen.

På spørsmål om kva slags vêr ungguten ønskjer seg for eit mogleg rekordløp på Bislett, er Ingebrigtsen klar i svaret:

– Viss det ikkje er noko vind, er det ikkje noko anna som betyr noko. Det er vinden som er vanskeleg.

(©NPK)

Jakob Ingebrigtsen på pressekonferanse i Oslo rådhus dagen før Bislett Games. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Annonse