Jakob Ingebrigtsen til VM-finalen på 1500 meter – hamna i ubalanse

Jakob Ingebrigtsen (21) tok seg fint til finalen på 1500 meter i Eugene, Oregon natt til måndag norsk tid. Men det skjedde ikkje heilt utan dramatikk.

Akkurat som då han vart nummer tre med 3.35,12 i kvalifiseringsheatet, var han i front av feltet før det var sprunge 400 meter.

Ingebrigtsen heldt fram med å dra i front i det første semifinaleheatet og leidde også då klokkene ringde for siste runde.

Ingebrigtsen kontrollerte inn til 3.-plass på 3.37,02. Dei fem beste i heatet tok seg direkte til finalen.

– Det var greitt. Eg hadde eigentleg tenkt å leggje meg bak, men så ser eg at dei fleste går opp og fram. Det er litt sånn det er. I semien tenkjer folk at dei må vere litt meir på. Alle vil vere litt lengre framme. Eg kom opp og fram, så bremsa eg litt. Det var ikkje for «gale», sa Ingebrigtsen til NRK.

Det var litt tilløp til drama då det kunne sjå ut som om Ingebrigtsen hamna så vidt utanom lista ved eit tilfelle. Men dommarane hadde ingen innvendingar, og då gjekk det fint for han. Ingebrigtsen er med til finalen.

Speakeren opplyste om at Ingebrigtsen var «klarert» då resultatlista vart lesen opp over høgtalaranlegget.

Ubalanse

Dette skjedde halvannan runde før målgang. Då hamna han i ubalanse etter småknuffing med etiopiske Samuel Tefera.

Ingebrigtsen hamna på innsida av etiopiaren og måtte gjere seg smal for å komme forbi og tilbake i front.

Ingebrigtsen lét seg intervjue berre av NRK og TV 2 av dei norske journalistane, men fekk også sagt éi setning til dei skrivande om episoden.

– Eg fekk ikkje med meg så mykje, men det er fint at folk slepper meg fri på innsida, gliste 21-åringen.

Han sa nei på spørsmål om han var utanfor lista.

Briten Josh Kerr vann heatet på 3.36,92.

(©NPK)

Jakob Ingebrigtsen under semifinalen på 1500 meter under VM i friidrett 2022 på Hayward Field i Eugene, Oregon. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB.

Jakob Ingebrigtsen og broren Henrik etter semifinalen på 1500 meter under VM i friidrett 2022 på Hayward Field i Eugene, Oregon. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Jakob Ingebrigtsen klemmer rivalen Timothy Cheruiyot under semifinalen på 1500 meter under VM i friidrett 2022 på Hayward Field i Eugene, Oregon. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB.

Annonse