Jan Helge Andersen er sikta i den nye Baneheia-etterforskinga

Jan Helge Andersen har status som sikta i den nye Baneheia-etterforskinga etter at det er gjennomført ei ny ransaking heime hos han.

Statusen som sikta inneber at Jan Helge Andersen har nokre særlege rettar i saka, skriv VG.

– Det at Jan Helge Andersen har status som sikta, er ein automatisk konsekvens av at det er gjennomført ei avgrensa ransaking hos han, som ledd i etterforskinga av sakskomplekset, seier statsadvokatane Johan Øverberg og Andreas Schei, som held i Baneheia-saka, til VG i ein e-post.

Baneheia-dømde Jan Helge Andersen har så langt hatt status som mistenkt i den nye etterforskinga, som blir leidd av Oslo politidistrikt.

Statsadvokatane ønskjer ikkje å kommentere kva Andersen er sikta for, eller kvifor siktinga kjem no.

– Ransakinga inneber ikkje at politiet eller påtalemakta har teke stilling til skuldspørsmålet og den vidare påtalebehandlinga av saka, skriv dei i e-posten.

Dei ønskjer heller ikkje å kommentere om politiet no argumenterer for at Andersen kan ha vore åleine om drapa på åtte og ti år gamle Stine Sofie Sørstrønen og Lena Sløgedal Paulsen i 2000, som den tidlegare kameraten hans Viggo Kristiansen vart dømd til 21 års forvaring fór i 2002.

Dommen la vekt på at Andersen peika ut Kristiansen som hovudmann i forklaringa si.

Andersens forsvarar, Svein Holden, opplyser til Dagbladet at ransakinga vart gjennomført for ei god stund sidan. I etterkant av ransakinga har det også vorte gjennomført eit nytt avhøyr av han.

– Dette avhøyret vart gjort i slutten av juni, men ransakinga vart gjennomført lenge før dette, seier Holden til Dagbladet.

(©NPK)

Annonse